Ungdomsting 2010 saman med VT igjen Meld deg på UT eller sørg for at kyrkjelyden sender deg som delegat når du skal på VT uansett!
CFK kl 11:10 
Ungdomsting (UT) er hovudsamlinga for ungdom i Møre bispedøme. UT gjev viktige innspel til biskopen og bispedømerådet om kva kyrkja bør satse på når det gjeld ungdom. Vi tek utfordringane med klimaoppvarming på alvor. 4 medlemar av ungdomsrådet deltok på klimaseilasen i desember til København. Handlingane våre er resultatet av holdningane våre. Vi har eit ansvar å ta. Som oppfølging av dette vil hovudtema på UT vere: Korleis klimaoppvarming utfordrer vår måte å leve på.
Eit anna tema vi skal også diskutere er: Kva slags kyrkje vil vi ha?
Mykje er i endring i kyrkja og vi vil vere med å peike ut retninga.
UT skal også velje nye medlemar inn i ungdomsrådet. Dette er ei spanande oppgåve i eit inspirerande fellesskap.
UT blir arrangert saman med VT fordi det har komet mykje fornying til kyrkja gjennom arbeidet til KFUK-KFUM og vi har hatt eit godt samarbeid mellom Møre bispedøme og KFUK-KFUM. Det meste av programmet er felles for deltakarane på VT og UT. Einast valet, godkjenning av årsmelding og vedtak i sakene tek vi i ein ekstra økt.