For deg som ikkje kan få med deg treffet, så skal du vite at det vil bli lagt ut bilder på nettet som du kan sjå på.
Der er fleir album, men for øyeblikket får ikkje eg tak i linkane på grunn av feil på Facebook.
-TG-
Betaling
Alle leiara er ansvarlege for gruppevis betaling for VT'10. Dette skal skje til kontonr 3910.21.95004 innan 23.februar 2010. Ver vennleg å skriv gruppenamnet i infofeltet på betalinga. I tillegg til dette ber vi om at det blir sendt ein mail til mail@vintertreff.net merka med BETALINGSINFORMASJON [GRUPPENAMN] slik at vi ser korleis de har berekna betalinga. For spørsmål, ta kontakt med oss via mail -TG-
TGH kl 12:28
Her er betalingsinformasjon for VT'10
Måndag, Februar 08, 2010 VT'10 nærmar seg med FULL fart. Vi ønskjer å kunne innvitere til VT neste år, og gjerne kunne vite KVAR det er. Dersom du veit om eit alternativ, så send ein mail til tg@vintertreff.net og merk med VINTERTREFF 2011. -TG-
Vintertreff 2011?????
TGH kl 20:39
Kvar i ALLE dagar skal vi være då!?
PÅMELDINGSFRIST
Siste frist for å sende inn detaljert påmeldin / etteranmelde er sett til torsdag 11.02.2010 kl 11.
TGH kl 19:49
Torsdag kl 11
Kvar i all verda!
Dersom du ikkje er lommekjent i Spjelkavik område, så kan desse bilda kanskje være til litt hjelp. Desse bilda finn du også på NEDLASTINGAR
TGH kl 14:21
Veit du kvar vi skal være i helga?

Busstopp i Spjelkavik ved brannstasjon / myrstad mathus (SPAR) og gangveg til Spjelkavik Ungdomsskule
Gangveg frå Spjelkavik Ungdomsskule til Borgund Vidaregåandeskule.
Program!
For å sjå det oppdaterte programme, klikk på PROGRAM i menyen til venstre. -TG-
TGH kl 11:10
Vi har no oppdatert programmet!
Tysdag, Januar 12, 2010 Ønskjer du å være med på VT? Vi har no komt fram til at vi ønskjer å åpne for at enkelt personar kan melde seg på VT. Det som da skjer, er av vi vil forsøke å finne ei gruppe som vi kan koble deg opp mot, slik at du vil få ein leiar som er din kontakt person på treffet. Ønsker du å melde deg på, så skriv ein mail til mail@vintertreff.net . Merk mailen med PÅMELDING TIL VT: [NAMNE DITT]. I mailen skriv du:
LYST Å VÆRE MED PÅ VT, MEN INGEN GRUPPE?
TGH kl 15:20
Direkte påmelding for enkeltmedlemmar.
Men så er ikkje du medlem av ei gruppe som skal på VT?
Namn, adresse, post nr & stad, mobil nr og e-post adresse for BÅDE deg sjølv OG foreldre. Dette slik at vi har kontaktinformasjon heim dersom noko skulle skje.
Onsdag, Desember 02, 2009 Vintertreff – også kalla for ”VT” er KFUK-KFUM sitt største årlige arrangement for ungdom i alderen 13 -20 år. Kvart år i starten av februar er ungdomar frå Ten Sing, klubb og idrettsgrupper samla for å oppleve det store fellesskapet, høyre Guds ord og vise fram det dei jobbar med, få masse inspirasjon og gjere ein innsats for eit prosjekt vi ønskjer å støtte. Velkomen er også alle KFUK-KFUM speidarar i Møre og Romsdal. Vi håper også at mange av årets konfirmanter får oppleve VT`10 Ten Sing Norway og årets CFC – ungdommer (communication for Change) er blant gjestene du vil møte på VT`10. Gled deg!!
Velkommen til Vintertreff 2010
TGH kl 17:52
Møre og Romsdal krins i samarbeid med Ålesund KFUK-KFUM og Ungdomsting Møre bispedømme
Dei siste åra har Ungdomstinget til Møre bispedømme blitt arrangert saman med VT. Slik blir det også i 2010.
Tysdag, Juni 09, 2009 Vi har starta planlegginga av Vintertreff 2010 og har bestemt at det skal være 12-14 februar 2010 og lokalasjon blir i Ålesund ein plass. Følg med her på www.vintertreff.net for meir informasjon i framtida.
VT2010
TGH kl 18:38
Sett av datoen no!!
Tysdag, Mars 24, 2009 Eit par dagar etter VT fekk vi spørsmål om vi kunne tenke oss å spele inn ROM FOR ALLE i studio. Etter mykje fram og tilbak og overtaling (tilnærma lik 0 overtaling) av bandmedlemane blei det til at vi reiste til Spjelkavika og Lydkjellern Studio. Her har vi brukt monge timar med innspeling og nokre timar med miksing. Det ENDELEGE resultatet er enda ikkje ferdig, men vi har no klar ein GROVMIX som du no kan laste ned her på www.vintertreff.net Dei som har vore med på innspelinga er: Teknikkar, produsent og HELT; Erik Valderhaug, Lydkjellern Studio Fotograf, moralsk støtte, hjelpande hand, sjåfør og pizzabud; Andreas Halle & Thor Gunnar Hovlid (For å lagre fila på maskina di, høgre klikk på linken og velg lagre som)
"ROM FOR ALLE"
TGH kl 11:14
Tema songen for VT2009 er innspelt!
Vokal, Gitar, Hender; Sølve Styve Sæbø
Kor, Sax, Hender; Runa Husøy
Kor, Trompet, Hender; Pål Andre Grimstad Worren
Gitar, Kor, Hender; Erlend Erdal Christiansen
Bass, Kor, Hender; Kristian Brudevoll
Tangentar; Daniel Moldskred Strand
Trommer, Perk, Hender Kor; Peter Nygjerde
Onsdag, Februar 18, 2009 Både på Facebook og andre plassar er det mykje bilete frå VT. Dei offentlige albuma finn du under TenSing på heimesida til Ulstein KFUK-KFUM
BILDE FRÅ VT!
TGH kl 11:02
Det er etterkvart komt ut MYKJE bilete på nettet.
Musikal på Sjøborg
I kveld opnar dørene på Sjøborg Kulturhus, og vi satsar på ROM FOR ALLE som har lyst å få med seg musikalen til Ulstein Ten Sing. Enten du såg den på VT og ønskjer å sjå den igjen, eller at du ikkje fekk sjå den på VT og ønskjer å sjå den så er du hjartans velkommen. Det er fri inngang for alle under 18 år, men dei over 18 år må gi frå seg 100kr ved inngangen.
TGH kl 10:59
Ulstein Ten Sing opnar dørene
Onsdag, Februar 11, 2009 Vi vil takke alle. Alle frivillige, alle i Ulstein Ten Sing, alle deltakarane, kort og greit; ALLE!! Takk for at dokke var med på å gjer VT2009 til det flotte treffet det vart. Vil oppfordre alle til å logge seg inn på K3 torget og legge igjen ei helsing. Bilder er alt lagt ut på facebook på dei forskjellige sine profilar. Vi har eit ønskje om at alle legg til bilder på VINTERTREFF 2009 gruppa. I tillegg vil vi legge ut masse bilder snart. (åpent for alle)
"ET VELLYKKA VT"
TGH kl 11:00
Dersom vi skal tru på tilbakemeldingane
Sundag, Februar 08, 2009
VINTERTREFF I MEDIA
TGH kl 08:18
Her legg vi ut linkar til mediaklipp om VT09
Laurdag, Februar 07, 2009 Det har vore ein kjempe musikal og publikum har storkosa seg i salen. Følg med for bilete om et par dagar.
MUSIKAL
TGH kl 20:59
Ulstein Ten Sing står no på scena og avsluttar
Fredag, Februar 06, 2009 Kl 18 i kveld kom nesten 300 ungdommar til Sunnmøre Folkehøgskule. I skrivande øyeblikk er det Krinskor som står på scena og i salen er det KJEMPE stemning! Du som ikkje er her; DU SKULLE HA VORE HER!!!!
VT 2009 er i GANG!!!
TGH kl 22:21
Vi har starta og dei nesten 300 ungdommane er på plass i Ulsteinsalane på SUFH
SNART KLAR FOR VT!!!!
Det er datoen for den første dagen på VT2009. Vi har begynt førebuinga på SUFH og vil være klar til å ta i mot alle dykk som er deltakarar. Det vil være rom for alle! Velkommen til VT, Velkommen til SUFH!
TGH kl 01:06
Vi har no starta på 6.februar 2009.
Onsdag, Februar 04, 2009 Frå 0 grader på fredag til minus 3 på søndag med fare for litt nedbør er meldinga frå YR.no i dag. Ta derfor med kle og sko som er tilpassa føreforholda. Ta gjerne med inne sko til bruk på SUFH og overnattingsstaden. Oppdatert melding frå YR.no finn du HER
Kle og sko
TGH kl 09:07
Siste meldinga frå YR.no (onsdag kl 09)
Fredag, Januar 30, 2009 Har du eit ønskje om å være med på FOTO gruppa, så ta med deg kameraet ditt! Meir informasjon om aktivitetane får du på VT på laurdag.
FOTO
TGH kl 00:30
Ein av aktivitetane på laurdag vil være foto.
Torsdag, Januar 29, 2009 Under nedlastingar finn du eit skriv om det Romerske Vognløpet som skal være årest innsamlingsaksjon. Lag eit team, skaff sponsorar (mor, far, bestemor, bestefar, tante, onkel etc) og meld dykk på HER!
ROMERSK VOGNLØP
TGH kl 09:16
Her finn du meir informasjon om Innsamlingsaksjonen vi skal ha laurdag
Måndag, Januar 12, 2009 Under årets Vintertreff blir det to turneringar, fotballturnering og volleyballturnering. VIKTIG: Det er IKKJE mogleg for ein person å delta i begge turneringane! Det er fleire grunnar til dette, den viktigaste er at dei to turneringane foregår i to forskjellige hallar som ligg eit stykke frå kvarandre. Ein kan sjølvsagt heller ikkje spele for fleire lag i same turnering. Turneringane foregår i aktivitetstida på laurdag, mellom kl. 14.00 og 18.00. Det vil seie at du kanskje går glipp av nokre av dei andre aktivitetane. Ein må også rekne med litt (men ikkje så mykje) venting mellom kampane. Vær flink til å heie på dei andre laga når du ikkje sjølv speler kamp ! FOTBALL: VOLLEYBALL: VELKOMEN TIL SUNN KONKURRANSE! Bjørn Losvik
TURNERINGAR
TGH kl 21:35
Info til einingane om turneringar på Vintertreff
Det blir sjølvsagt premiering i begge turneringane.
Denne turneringa foregår i ULSMO-hallen på Høddvoll, nær VT-området. OBS! Denne hallen har kunstgrasdekke, det vil seie at du må ha kunstgrassko eller vanlige fotballsko med korte knottar. IKKJE skruknottar!
Fem -5- spelarar på kvart lag, keeper + 4 utespelarar. Det er lov å byte spelarar undervegs i kampen. Reglane blir vanlege femmerfotball-reglar.
Denne turneringa foregår i Idrettshallen ved Ulstein ungdomsskule. I denne hallen er det også eit lite symebasseng. Vi skal prøve å halde bassenget opent, slik at det går an å bade når ein er ferdig med kampane sine. Innleiande kampar spelast over ei viss tid, laget med mest poeng går vidare. Semifinalar og finale blir kampar over tre sett. 6 spelarar på bana, lov å byte spelarar undervegs i kampane.
turneringsansvarleg.
Sundag, Januar 11, 2009 For å i det heiletatt kunne ha muligheita til å kunne ønskje deltakarane på årest VT velkommen til VT neste år, må vi vite om nokon kan tenkje seg å arrangere VT2010. Dersom du har forslag til KVAR vi skal være neste år, eller du kan tenkje deg å være med å arrangere, så ta kontakt med tg@vintertreff.net Dersom du ønskjer å berre gjer ei enkel oppgåve, så må du GJERNE ta kontakt. Vi treng hjelp til mange oppgåver både før, under og etter VT helga.
VT2010
TGH kl 14:45
Kvar skal vi være neste år!??!
Laurdag, Januar 10, 2009 I påmeldingskjemaet som har gått ut står der Landhockey. Dette er FEIL!!! Det rette er FOTBALL! Fotballturneringa vil gå av stabelen i ei fotballhall med KUNSTGRAS! Dette er det viktig å være klarover når du velger sko.
VIKTIG MELDING TIL ALLE!!
TGH kl 00:27
TURNERINGAR!
Tysdag, Januar 06, 2009 du kan laste ned det detaljerte skjemaet under nedlastingar, og returnere det på mail. Skriv inn informasjonen som vi ber om. Under Turnering skal du skrive 1 eller 2 og det vil fylle inn FOTBALL (VIKTIG ENDRING!!) eller VOLLEYBALL sjølv og summere seg opp sjølv. Hugs å skrive antall LAG som stiller i kvar turnering. Send skjemaet til TG@VINTERTREFF.NET FRIST FOR PÅMELDING ER SETT TIL FREDAG 23.JANUAR 2009. Dersom nokon i gruppa di har eit slags mat allergi e.l. så skriv det i ein mail til oss (HELST den samme som du sender skjemaet i) og vi vil ta hensyn til dette.
PÅMELDING
TGH kl 15:45
Det er no på tide å få inn ei detaljert påmelding
Måndag, November 17, 2008 Prisen for VT09 er kr 650,-
Pris VT09
TGH kl 21:02
-
Vi har også ein søskenmoderasjon på kr 100,-
Informasjons utsending 01
No har vi sendt ut den første informasjons utsendinga på MAIL! Dersom du ikkje har mottat den kan du lese den under NEDLASTING på menyen til venstre. Dersom du er leiar i ei gruppe og ikkje har mottat denne informasjons e-posten, ber vi deg om å sende ein mail til oss slik at du får dei neste utsendingane. Skriv også kva gruppe du er leiar for.
TGH kl 20:55
Den første info utsendinga er blitt sendt ut
Måndag, Oktober 20, 2008 Temaet for VT2009 er nettopp klart. Hovudkomiteen har i kveld vedteke at temaet skal være ROM FOR ALLE.
TEMAET ER KLART!!
TGH kl 22:17
ROM FOR ALLE
Torsdag, Oktober 02, 2008 Da må du sende oss ein mail.
Tips til aktivitetar
TGH kl 00:26
Har du eit tips til aktivitetar du vil vi skal drage i gang på VT?
Onsdag, September 10, 2008 Har du forslag til tema på VT 2009?Da kan du vinne ein splitter ny Indiaca (KM sitt eige idrettsgreie) Skriv ein mail med forslag på tema og gjerne ei lita grunngjeving / nokre tankar du har med dette til: mail@vintertreff.net
Temakonkurranse
TGH kl 09:22
Frist: 04. oktober
Kontakt oss
På grunn av at vi pr. dags dato har berre 50% stilling ved krinskontoret og at denne stillinga er fokusert mot det administrative, ber vi om at alle spørsmål rundt Vintertreff 2009 blir retta til 94499049 ETTER KL 15, eller på straum post til mail@vintertreff.net
TGH kl 09:22
På grunn av situasjonen ved krinskontoret ber vi om at all kontakt blir gjort på følgande måte
Vi er i gang
Ulstein KFUK-KFUM, Ulstein Ten Sing, Møre og Romsdal krins av KFUK-KFUM og Møre bispedøme har sparka i gang prosessen med å få til eit knallbra VT09 / ungdomsting 6.-8. februar i Ulsteinvik
TGH kl 00:01
Planlegginga av VT09 er i gang!